Byggjetiltak som ikkje krev søknad og løyve
Det er fleire typar byggetiltak du kan setje i gang utan å be om løyve frå kommunen. Det er derfor viktig å undersøkje om byggjetiltaket ditt er friteke frå krava.
Tenesteomtale
Det er mykje du kan gjere utan å måtte søkje byggjeløyve. Blant anna kan du setje opp ein garasje på inntil 50 kvadratmeter eller eit tilbygg på 15 kvadratmeter utan at du treng å be om løyve frå kommunen først.
Her er ei oversikt over byggjetiltak du ikkje treng å søkje kommunen om løyve til å utføre:
-
mindre, frittliggjande bygning som blir oppført på eigedom det er bygt på, og som ikkje kan nyttast til å bu i
-
frittliggjande bygning som er større enn bygningar som er nemnde over, som blir oppført på eigedom det er bygt på, og som korkje skal nyttast til å bu i eller anna varig opphald, og som ikkje har kjellar
-
mindre, frittliggjande byggverk knytte til drift av jordbruks-, skogbruks- og reindriftsområde
-
mindre tiltak i eksisterande byggverk
-
mindre tiltak utandørs
-
mindre terrassar som heng saman med bygningen
-
fasadeendring som ikkje fører til at bygninga sin karakter blir endra, og tilbakeføring av fasade til tidlegare dokumentert utføring
-
andre mindre tiltak som kommunen finn grunn til å frita frå søknadsplikta.
Kriterium/vilkår
Sjølv om du slepp å søkje er det ansvaret ditt å følgje regelverket og kommunen sine reguleringsplanar.
Dei nøyaktige reglane for kva du kan byggje utan å søkje finn du i
-
plan- og bygningslova § 20-5
-
byggjesaksforskrifta § 4-1.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
-
Sjekk lovverket om tiltaket ditt kan byggjast utan søknad.
-
Sjekk at tiltaket ditt ikkje er i strid med kommunen sine reguleringsplanar.
-
Sjekk at tiltaket ditt er minst 30 meter frå nærmaste jarnbanespor.
-
Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar som kan tenkjast å bli rørt av tiltaket.
-
Meld frå til kommunen når du er ferdig. Kommunen treng opplysingane for å oppdatere dei digitale karta sine.
Tjenesten oppdatert: 22.02.2022 09:04
Skjema
Tjenester
Dokumenter