Skjema
- Kommunal bolig - søknadsskjema, pdf (til utskrift)
- Pleie og omsorgstjenester - Omsorgsleiligheter, skjema til utskrift
Kommunen skal hjelpe deg med å finne ein mellombels stad å bu dersom du ikkje har ein stad å sove og bu neste døgn.
Har du eit akutt bustadbehov og ikkje kan skaffe deg bustad på eiga hand, pliktar kommunen å finne eit mellombels butilbod til deg. Kommunen skal tilby forsvarleg husvære til barnefamiliar, born og unge. Det tyder mellom anna at tilbodet i utgangspunktet ikkje gjeld for rusmiddelmisbrukarar (sjå lenkja til Kommunal bustad nedanfor).
Du treng bustad i eit nødstilfelle.
Tenesta er gratis, men dersom du har råd til det, vil du kunne betale delar av husleiga sjølv.
Tenesta er lovpålagd. Sjå Lov om sosiale tjenester i NAV § 27 Midlertidig botilbud
Nav-kontoret har plikt til å behandle saka så snart som råd. I saker som gjeld akutt, mellombels bustad, vil det ofte vere nødvendig med saksbehandling i løpet av dagen.
Dersom Nav avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Før opp kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til Nav. Lèt Nav vedtaket bli ståande, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Tjenesten oppdatert: 09.03.2021 14:57