Skjema
- Søknad om midler fra Holtefondet
- Søknad om tilskudd til kulturformål
- Søknad om tilskudd til kulturformål
Kulturminne langs kysten kan vere fyrstasjonar, båtar, naust, rorbuer, sjøhus, bryggjeanlegg, handelsstader. Du kan søkje om tilskot til å setje i stand desse.
Du kan søkje om tilskott til å setje i stand freda og spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og virke langs kysten. Midla skal brukast til konkrete tiltak.
I hovudsak private eigarar og forvaltarar (som kan vere privatpersonar, stiftingar, frivillige organisasjonar og liknande)
Det vil bli gjort ei fagleg vurdering av dei kulturhistoriske verdiane. Kva vil tiltaket ha å seie for målet med tilskottsordninga? Det blir lagt vekt på bruk av tradisjonelle material, teknikkar og handverk og opplæring og kunnskapsoppbygging. Tilskotta blir fordelte etter denne prioriteringa:
Sjå Norsk kulturminnefond for kriterium/vilkår for søknader som blir sende dit.
Riksantikvaren, fylkeskommunen og Norsk kulturminnefond
Ta kontakt med fylkeskommunen dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga og om kor du skal sende søknaden.
Utgreiing av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi.
På grunnlag av søknadene frå fylkeskommunane fordeler Riksantikvaren tilskottsmiddel som blir sende til fylkeskommunane for vidare fordeling. Det er fylkeskommunane som gjer vedtak om tilskott. Du får skriftleg melding om vedtaket. Styret i Norsk kulturminnefond gjer vedtak når det gjeld søknader som blir sende dit.
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Riksantikvaren er klageinstans for saker som fylkeskommunen har behandla. Før klagen blir send dit, skal den instansen i fylkeskommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Blir vedtaket ståande, vil saka bli send til Riksantikvaren for klagebehandling. Klage på vedtak i Norsk kulturminnefond skal sendast til Kulturminnefondet.
Tjenesten oppdatert: 09.03.2021 13:39